Sesongen 2019

 

Laksefelle:  Det står ei laksefelle rett ovanfor Enge Bru for å skille ut all oppdrettslaks.   All fisken vert fanga og kontrollert og villaksen vert satt utatt ovanfor fella.

 

Fangstrapportering og Laksebørs.  All fangstrapportering skal vera til Elveguiden.no, på denne linken: https://laksebors.elveguiden.no/river.php?id=130 Hugs at du må registrere alle døgna dine her, om du fekk fisk eller ikkje. 

Prisar  Prisane på sonane står på sida Om sonane  

Minstemål    Me vil  minna om at   "Fisk under 40 cm. skal straks setjast tilbake i elva i mest mulig uskada stand (Gjeld både laks og sjøaure)."

Desinfeksjon av fiskeutstyr  Alt fiskeutstyr som er nytta i andre vassdrag skal desinfiserast. Dette kan De få utført på Etne Camping.  Fiskarane må rekna med å betale ei  avgift for å få utført desinfeksjon.   

Skjellprøvar  Vi krev skjellprøve av alle fiskar som vert fanga og avliva. Skjellprøvar får du hjelp til å ta hjå Gerd  på Steine eller Etne Camping.. Her kan du også få skjellprøve konvolutter .