Fiskereglar for Etneelva 2023  

         

  

1.      Fiske etter laks er frå: 15. Juni (00:01) til 15. August (24:00). Fiskedøgnet startar kl. 18.00 og varer til neste dag kl. 17.00. Sjøauren er freda.

2.       Fiskeutstyr brukt i andre vassdrag skal desinfiserast før fisket startar. Etne Camping har utstyr til dette, ta vare på kvitteringa som dokumentasjon. På grunn av smittefare, er det ikkje lov å bruka slangesøkke eller flytedobbe fylt med vatn.

3.      Det er berre tillate med stongfiske, stanga skal ikkje forlatast som ”Sjølvfiskande”. I begge elvene er det lov å fiska med floge, spinner, sluk og mark, men fiskerettshavar på dei enkelte sonane kan forby markfiske. Avstanden mellom krokstamma og krokspissen skal ikkje vera større enn 15 mm for enkeltkrok eller 13 mm for dobbel- eller trippelkrok. Ved bruk av mark skal krokstorleiken være minst 3/0. 

4.      Fiskaren skal bruka tang til krok og skjelprøvar, og det skal nyttast fangstnett/håv utan knutar. Bruk av klepp er ikkje tillate

5.      Laks under 40 cm og vinterstøingar skal straks setjast ut att i elva. I heile fiskesesongen skal all villaks over følgjande lengde setjast ut att i elva:

Hofisk over100 cm

Hannfisk over 100 cm

6.       Fiskarane pliktar å respektera gjeldande fiskesonar, og det er forbode å fiska nedover og oppover i neste sone. Døgn/sonekvoten kan berre nyttast på den sona der fiskekortet gjeld.

7.      Fiskaren og dei han har med seg, skal utvisa sunn fornuft og respektera næring og brukarinteresser angåande ferdsle på eigedom til og frå fiskeplassane, ikkje køyra eller gå gjennom grasbøar. Ein skal nytta tilvist parkeringsplass, rydda etter seg og forlata elva slik ein helst vil finna den

8.      Det er ikkje lov å setja opp telt utan løyve frå grunneigar

9.       Fiskekortet lyder på namn og kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå kortselgar. Kvittering for fiskekort og fiskeavgift til staten skal visast på førespurnad.

10.   Alle fiskarar skal før fisket startar registrera 0 fangstrapport til Elveguiden (dvs. at er fisket starta utan at det er registrert fangstrapport til Elveguiden, er det brot på fiskereglane). All fangst også fisk som vert satt ut att, skal rapporterast på Elveguiden.no innan neste dag. Logg på via Internett «Elveguiden.no» eller mobil App «Elveguiden». Dersom fangstrapport ikkje vert levert innan fristen, kan fiskaren bli utestengd. Oppdrettslaks, regnbogeaure og pukkellaks vert ikkje rekna med i kvoten, men skal registrerast og takast skjellprøvar av som anna fangst. Skjelprøvekonvoluttar er å få på Etne Camping, og dei skal leverast til kortseljar eller Etne camping.

11.  Ved kjøp av fiskekort i Etne elva og Sørelva, samtykkjer fiskaren i gjeldande fiskereglar og pliktar å retta seg etter desse.  Ved brot på reglane kan fiskaren, med følge, visast bort utan rett til å få tilbakebetalt for fiskekort.

12.  Etter midtsesongevalueringa, kan styret i Etne Elveigarlag, i samråd med Fylkesmannen, gjennomføra førehandsavtalte tiltak. Til dømes endring av størrelse på fisken som skal setjast ut att , endring av fangstkvotar, eller stoppa  fisket.

13.  Fangstkvotar er i år justert ihht anbefaling frå Miljødirektoratet. Fangstkvotar er fordelt på fiskerettshaverar/sonar etter andeler. Dvs. at alle sonar har individuelle fangstkvotar og det er fiskerettshavars ansvar å formidla fangstbegrensning til kjøpar av fiskekort.

 

Når fangstkvoten for sona er landa, skal alt fiske opphøyra for inneverande døgn, også «fang og slepp». Det same gjeld for sesongkort, er fangstkvoten for sesongen landa, skal alt fiske opphøyra for inneverande sesong, også «fang og slepp».

 

Fisk som etter reglane skal setjast ut att, men som er så skada at den må avlivast, tilfelle fiskerettshavar. Slik fisk reknast som ein del av kvota

 

 

Kvotar Etne Laks:

-          Etne Laks har ein kvote på 2 laks pr døgn pr sone.

-          Dersom me nermar oss kvoten på sonen kan me redusere denne

-          Ved full kvote vil me tilby anna sone dersom det er ledige sonar .

-          Er sonekvoten full og du ikkje får fiska, får du pengane tilbake. 

Elveeigarlaget vedtok ein totalkvote på 1000 laks, der me kan fange halvparten før midtsesongevaluering. Dvs at det kan bli problem med kvoten før midtsesongevaluering og ved sesongslutt.

 

 

Sone 21, egne tilleggsreglar

        Når vannstand er under 6 m3/sek skal det ikkje fiskast under fossen.

         Under fossen er det kun tillatt med floge og enkeltkrok med makk.

         All krøkt fisk skal setjast utatt i elva, og går av på kvoten.

         Fiske i sjølve fossen er forbode.

 

             Skitt fiske !